/FORSIDEN /SPØRSMÅL /OPPDATERINGER /BOKLISTE

juli 2011

Update

Publisert:
15.07.2011
19:58

Både boklisten og oppdateringer-siden er nå. øh. oppdatert. 
Og jeg skriver det her, ettersom det ikke kommer noen info til noen av dere om at det er oppdatert, når jeg oppdaterer. Men så vet dere det; det er oppdatert. (Dette innlegget tror jeg forresten jeg skal slette - da det ikke gir mening. Med mindre jeg får noen forrykende morsomme kommentarer, såklart).



Slik ser forresten livet mitt ut, for tiden. Enten har jeg det fint, og lager BH av rubik's twist. 
Ellers er det trøndersommer, og jeg jobber. 










Gutejenter og Jentegutar

Publisert:
01.07.2011
12:50

Her kommer min siste skoletekst fra Trondheim Katedralskole, eksamen i nynorsk 2011.
Oppgaven var å skrive et kåseri basert på en overskrift fra en avis:
"foreldre foretrekker jenter som gjør gutteting, fremfor gutter som gjør jenteting - begrenser våre fordommer barna våre?" 

Heilt sidan vi menneske busette oss langs Nilen for nokre tusen år sidan, har familietilhøvet vore basert på ein sterk mann som arbeidar for familien, og ei kvinne som står heime og passar born og lagar mat. Då denne utviklinga gjekk av skaftet, og jorda tok til å bli for full av folk, greip vår Herre inn og plukka ut nokon til å forelske seg i ein av same kjønn. Dette var på mange måtar det perfekte prevensjonsmiddel, då folk framleis kunne vere lukkelege og framleis ha samleie, men utan den uheldige konsekvensen av eit uventa svangerskap. Eg er sikker på at dei satt der oppe i himmelen og gnei seg godt i henda, ettersom dei hadde kome opp med ei så god løysing på problemet, men det dei ikkje tenkte på var instinkta og mattekunnskapane mennesket hadde opparbeida seg. Om ein tar som utgangspunkt at ei feminin kvinne og ein maskulin mann er ei perfekt balanse, kan ein regne seg fram til at to maskuline kvinner vil tilsvare om lag det same. To feminine menn, derimot, vil ikkje fylle opp kvota, og dimed ikkje vere i balanse.

Ein seinare konsekvens av legningsendringa er alle moglegheitene i pornoindustrien. Både gutar og jenter ser gjerne filmar med samleie mellom gut og jente, eller jente og jente, men ikkje alle er så interesserte i dei filmane som omhandlar gut og gut. Mi erfaring er at gutar særlig tykkjer om porno der det er fleire enn ei jente inne i biletet, medan homseporno berre er laga for homsane sjølv. Ein kan altså seie at både feminine og maskuline jenter gagnar alle, medan feminine gutar ikkje gagnar andre enn dei feminine gutane sjølv.

Altså er det ikkje så rart at foreldre er meir positive til jenter som gjer guteting, enn gutar som gjer jenteting, då vi alle ynskjer å vere til nytte for samfunnet, og at ungane våre òg skal bli det. Dette gjeld kanskje berre om foreldra ynskjer at ungane deira skal bli pornostjerner, men det fins også andre fordelar med ei maskulin jente framfor ein feminin gut. Det er ikkje ein løyndom at jenter er mykje dyrare å finansiere enn gutar; med sminke, sko, klede, timevis av telefonprat, okkupasjon av badet og tom varmvasstank. Når ein som forelder fyrst har fått ein gut, kan eg forstå at dei har gleda seg til ei økonomisk oppvekst, og viss dei hadde fått ei jente, som i ung alder viser interesse for å bli ei mindre utgift, så er det ikkje rart at foreldra er positive til dette. Mange ser på dette som fordommar mot feminine gutar, men eg trur det fyrst og fremst er ein utspekulert teori om å spare mest mogleg tid og pengar.

Spørsmålet er om dette økonomiske budsjettet, eller "fordommane", avgrensar utviklinga til ungane våre. Kanskje det, men eg trur det er større fare for utviklinga med tanke på at mange foreldre ikkje berre syr puter under armane på borna sine, men heller spikrar dundyner under både armar og bein på dei. Eg, til dømes, jobbar i skulekorps med om lag femti born, der foreldra kjem springande dersom ungen deira ikkje har på seg lue, og gradestokken har tippa under femten grader. Det er ikkje snakk om å vere ute dersom det skulle kome ein regnskur, og viss eg fyrst får lurt dei alle til å marsjere hundre meter, står foreldra klare til å bere instrumentet, dersom det skulle bli for tungt å bere det sjølv. Det er dessutan viktig at ungane får tisse kvar halvtime, og ei vaffelplate minst ein gong i timen. Det er mykje å hugse på om ein er skulekorpsinstruktør omkrinsa av paranoide foreldre, og det sjokkerar meg kor sarte borna i dag er vorte.

Når vi fyrst er inne på skulekorps og skal diskutere kjønnsroller, vil eg seie at det fins ikkje ein stad med mindre rom for personlig uttrykk enn nettopp skulekorps. Gutane skal gå i bukse og sjå ut som ein tropp i militæret, og det same skal jentene. Alt hår skal stappas inn i hatten, og øyrepynt, eller andre ting som tilseier at du er ei jente, skal også gøymes vekk. Det heile dekkjast av ei diger jakke, som er sydd slik at midje, hofte og bryst ikkje skal vere mogleg å oppdage, med mindre du har med deg eit portabelt røntgenapparat. Den einaste måten å vise at du er jente i korpset, er om du får utdelt ei rolle som drillar eller dansar. Dei penaste, tynnaste jentene med størst puppar får lov til å gå fram føre resten av korpset, og drille med flagg og høye beinløft. Uniforma deira er sjølvsagt eit skjørt som så vidt dekker rumpa, og som er festa slik at midja får den timeglasfiguren den fortener. Det er gjerne disse same jentene som blir plukka ut til å danse på konsertar, og då blir miniskjørtet bytta ut med høye helar, korsett og nettingstrømpebukser. Dette er nok ein måte å understreke det faktum at jenter er til for å sjå bra ut for gutar og andre jenter, eller å rett og slett sjå ut som gutar, då det ikkje fornærmar nokon. Gutane derimot skal sjå ut som gutar, og eg trur ikkje vi hadde trekt til oss mykje publikum om dei blei sendt ut på scenen i hotpants og stor utringing.

Kanskje har skulekorpset eit poeng. Kanskje hadde det ikkje vore rom for fordommar, mobbing og utestenging, viss berre alle var heilt like. Alle gjekk i den same blå jakka, utan å vise om dei var tjukke eller tynne. Alle gøymde unna alt håret, slik at det ikkje skulle vere mogleg å sjå kven som var gutar og kven som var jenter. Gutane kunne gjere jenteting, i den forstand at dei gjorde dei same gutetinga som jentene gjer. Og berre for å spice opp denne nøytrale vera, kunne nokon ha plukka ut dei vakraste, mest perfekte jentene til å gå fram føre alle andre, nesten utan klede, berre for at vi andre skulle ha noko fint å sjå på.



Karakter: 6

Min kommentar: jeg hater at vi ikke får tilbakemelding på eksamenstekster - men kjære norsklærer-Arne,
jeg håper at jeg fikk som fortjent!












hits