/FORSIDEN /SPØRSMÅL /OPPDATERINGER /BOKLISTE

Vonbroten

Publisert:
27.04.2011
23:34

Da var det på tide med nok en tentamenstekst. Oppgaven var vel noe sånt som å skrive et essay basert på to vedlagte dikt. 

Å skrive eit essay med mine eigne meininger om kjærleik, er i utgangspunktet ei ganske sjølmotsigende oppgåve, då punkt fem på sjekklista for essay er å unngå eigne meiningar, og punkt fire er å unngå klisjéaktige tankar - noko som er umogleg, ettersom kjærleiken i seg sjølv er ein klisjé. Eg skal likevel gjere mitt beste, og sjølv om det kan bli både personleg og klisjéaktig, skal det nok kunne klassifiserast som eit essay, likevel.

Kjærleik.Mange meiner at ordet kjærleik er det vakraste nynorskordet, og generelt det vakraste ordet i vera. Sjølv likar eg betre ord som kling godt i munnen, slik som kaktus eller jaktkniv. Ikkje berre liker folk ordet kjærleik, men også det kjærleiken representerer - og særskild på nynorsk, då kjærleiken vert så mykje djupare enn i "kjærligheten" hjå bokmålskrivarane. 

For meg vil det å skrive ein tekst om kjærleik få eit negativt utfall, uansett korleis eg går til åtak på oppgåva. Men heldigvis for meg er vi vorte servert to riktig så negative tekstar i utgangspunktet, så då er det kanskje like greitt at eg følgjer opp sorga til Wergeland, og kor oppgjeven Elster er. 

Henrik Wergeland ser ut til å ha gått på ein real smell i kjærleiken, når ein les dette diktet. Kommer nu Sorger! knuger mit Bryst, at det ei sprænges af jublende Lyst! Himmel! med Uheld, Helved! med Qvaler tæmmer dets Bølger! Thi der har hun hvilt! Fiendenag. Eg er glad for å lese at ein romantikar som Wergeland kan skrive om den vonde sida av kjærleiken, og eg kjenner meg mykje igjen i dette diktet, då eg i likskap med Wergeland, ikkje har særskild gode erfaringar med kjærleiken. Heldigvis for meg har eg aldri opplevd å kjenne ho på Brystet, hvor Hun hvilede elskovsbedøvt, men alle ord om "sorger som knuar mitt bryst - som ikkje lengre sprengest av jublande lyst", kan eg kjenne meg igjen i. Eg trur ikkje Wergeland hatar kjærleiken, og eg trur ikkje eg gjer det heller (i alle fall ikkje enno), men det er kanskje greitt for både min eigen og Wergeland si utkåra, at ingen av oss har korkje ein kaktus eller ein jaktkniv for handa, i kampens hete. 

Medan Wergeland ber preg av å vere knust og hemnlysten, er Erklæring av Magli Elster eit paradoks i framstillinga av korleis jenter uttrykkjer kjærleik. Jeg gikk på hendene for deg rundt hele stuen og bortover veien og slo kollbøtter for og baklengs og spiste tyve boller uten saft og vann eller brus og hinket til Drammen på ett ben - da ville du vel forstå at jeg elsket deg? Dette er eit kjent fenomen for jenter. Ein skal aldri seie "eg er forelska i deg", då blir det veldig dumt for deg om han ikkje er forelska tilbake. Det er mykje betre å hinke frå Zagreb til Drammen, slå salto til alle kantar, og gå på hendene kring om i stua. Om ikkje det skrik "EG ELSKAR DEG", så veit ikkje eg. 

Føremonen med denne måten å uttrykkje kjærleik på, er at om din utkåra seier, "hei, eg veit at du gjer alt dette for å imponere meg, men eg er faktisk ikkje forelska i deg", kan du til forsvar svare, "trur du verkeleg at eg er forelska i deg? Fy Fabian så overflatisk du er. Her prøver eg å få ein god treningsrunde, og så kjem du og påstår at eg elskar deg? Du trur verkeleg for mykje om deg sjølv". Brått er ikkje du den som har dumma deg ut, men heller han du er forelska i, og du kan, uten å ha vorte flau, byrje på prosessen med å komme over guten. Det paradoksale i diktet til Elster, er den strofa der ho skriv; og spiste tyve boller uten saft og vann eller brus, då det er stikk motsett av kva ei jente gjer for å imponere ein gut. I alle fall her i Noreg. Kanskje er det stas med tjukke jenter i Tyrkia, men det fins ikkje ei norsk jente som ville stappa i seg alle dei kaloriane for å imponere ein gut. Kjærleik byggjer trass alt på utsjåande, og då kan ein ikkje risikere å sjå ut som om ein har ete tjue bollar. 

Den første omfavnelse og Erklæring, er ikkje dei einaste dikta skrive om kjærleik, og det er nok med god grunn at nettopp kjærleik er det mest (opp)brukte tema for dikt og songtekstar i vera. Eg skal ikkje seie i mot at kjærleiken (truleg) er noko av det vakraste som fins på jord, ettersom det gjer så utruleg vondt når det ikkje går bra. Likevel er sjansen for at det skal gå bra minimal, så om det skal vere verd å ta risken, bør premien vere latterleg bra. Det er heller ingen løyndom at det vanlegvis ikkje går bra. Det kan ein sjå av dei tallause tekstane som er skrive om kjærleikssorg, "eg saknar deg", og "kvifor kan ikkje du elske meg?". Men aldri så vondt at det ikkje er godt for noko! - Hadde det ikkje vore for at kjærleikssorg er slikt eit allment problem, hadde ikkje Wergeland fått særleg stor suksess med dette diktet, og Akon hadde måtte syngje "lonely", ironisk nok, heilt aleine. 

Då dette er eit essay, kan eg ikkje no komme med ein konklusjon - noko som kanskje er like greitt, ettersom det ikkje eigentleg er mogleg å konkludere med noko i kjærleiken. Likevel kan eg kanskje oppsummere litt av det eg no har skrive. Henrik Wergeland, som eigentleg er ein håplaus romantikar, har sanneleg fått smake på den bitre sida av kjærleiken, og Magli Elster har oppfylt (nesten) alle kriterium for å vere ei riktig "jentete" jente. Sjølv har eg kanskje gitt uttrykk for å vere vonbroten, og kronisk negativ til alt som har med raude roser og dans på rosa skyer å gjere, men eg vel sjølv å sjå det som at eg er realistisk, og ser vera slik som den er, framfor å vere romantikar, som skal idyllisere og fargelegge all vondskapen som fins
i vera.



Karakter: 5

Kommentar: (Ikkje skriv om at du sit og skriv dette her). Som vanleg frå deg, ikkje kjedeleg å lese. Du reflekterer rundt omgrepet med utgangspunkt i tekstane og eigne tankar. Til vanleg i eit essay bør du opne opp den kulturelle horisonten meir. Det går bra med nynorsken. Håper du får som fortent til eksamen.

Min kommentar til kommentaren: Herlighet, det heter da vel ikke rundt, men kring, på nynorsk!
Og takk for det. Jeg håper også at jeg får som fortjent (eller bedre) på eksamen.



3 kommentarer

Kjersti

28.04.2011 kl.00:11
Først må jeg bare si: Jeg satt å stirret på bildet i headeren i sikkert ett minutt før jeg klarte å rive øynene til meg og kunne bla ned til teksen. Du er nydelig, og øynene dine kunne ha trollbundet meg i flere dager sammenhengende. At du ikke har et bra inntrykk av kjærligheten tror jeg ikke noe på, da må det i hvert fall være fordi alle sloss om deg, og du ikke er en stor fan av slossing..

Og, om jeg må være den første til å si det, FY SØREN SÅ BRA ESSAY! En 5-er? Hva i alle dager skulle du ha gjort for å få en 5+, eller en 6-er? Og hva er det tullet om at du ikke kan skrive om at du sitter å skriver? Hvorfor skal du ikke få ov til det?..

Jeg måtte le litt da jeg leste kommentarern din til kommenteren, hehe. Jeg håper også du fårsom fortjent eller bedre på eksamen. For megselv håper jeg ikke jeg får som fortjent. Det hadde vært utrolig dumt, men det er vell det som kommer til å hende. jaja, 2-ere, 3-er og 4-er er jo fine de også?.. eheh.. ikke helt nei?.. -nei.

Jeg digger deg! :D

Malin

28.04.2011 kl.18:24
Jeg skjønner ikke hvorfor du får 5 hele tiden, du fortjener jo mer! Jeg var også en evig femmer på videregående, og jeg fikk aldri vite hva som måtte til for å få enda bedre. PÅ EKSAMEN derimot, da dukka 6ern opp, og DET var deilig!

Krysser fingrene for at det går den veien for deg også :)

mikaoJ

03.07.2011 kl.00:33
Det einaste negative eg ser i teksten er at ho uttrykkjer seg på ein svært bokmålsk nynorsk; eg ser for meg at teksten hadde floti langt betre om det var bokmål utan at nynorsken er direkte feil. Og "sjølmotsigende" er feil; det bør stå "sjølvmotseiande". ... og språkvala er litt inkonsekvente, men no bare pirkar eg i ein ellers flott tekst.

Oppgåva er betre enn bare 5, så eg er ikkje særleg imponert over avgjerda (eller nynorsken) til læraren din. Men, men.

Det heiter forresten både "kring" og "rundt" på nynorsk! Det kan du velja heilt fritt. Eller "kringom", dersom du synest det høyrest betre ut. Val, val, val.

Skriv en ny kommentar

hits