/FORSIDEN /SPØRSMÅL /OPPDATERINGER /BOKLISTE

Når ein lukkar auga

Publisert:
10.01.2011
11:38

Hva er vel skrivemaskin 2011 uten en skoletekst? Dette er nynorsktentamen fra i høst. (Nå husker jeg ikke den ikke ordrett, men) Oppgaven var "hvordan føler du deg når du ikke er deg selv? - som en farget strek gjennom stummende mørke?"

Blått, raudt, kvitt.
Alt susar framfor meg. Grønt! Meir blått. Det er så fint. Så vakkert. Så trygt. "Henrik! Ta deg saman!". Eg kan høyre henne. Eg høyrer henne godt, men eg later som ingenting. Gult! Om eg pressar hardere, så kjem det fleire fargar, men pressar eg for hardt blir det svart. Om eg ikkje pressar, så blir det mest raudt, men litt gult også. "Henrik! Kom igjen!". Eg vil ikkje høyre. Eg kan ikkje. Eg vil ikkje.

Som om det var i går, hugsar eg godt den dagen eg vakna i senga. Eg visste at eg var vaken, men likevel var det gult og raudt eg såg. "Stå opp!" ropte Karin. Svart! Eg kunne høyre at ho kom inn i rommet. Ho løfta dyna av hovudet mitt, tende taklampa og strauk meg på kinnet. Rosa. "Eg veit du er vaken", sa ho. Det visste eg også, men eg ville ikkje. Kunne ikkje.

Når eg tenkjer meg om, så var det i dag. Det var i dag ingenting begynte, og ingenting vart avslutta. Likevel var det i dag alt skjedde, og i dag at ingenting skjedde. Det var hennar eigen feil. Ikkje min. I dag får eg straffa for det. No får eg straffa for det. Svart. Eg vil ikkje. Orkar ikkje tenke. Kva er meninga? Kvifor? Kva gjer eg her? "Henrik, det er ikkje farlig. Og vi er ikkje sinte, men eg vil gjerne at du skal seie det". Seie det. Kvifor? Kva er meninga? Kva nytte gjer det? Eg vil ikkje sei det. Kan ikkje sei det.

Oransje. Om det er ein ting eg har lært her i livet, så er det at tida går. Uansett kva eg gjer. Uansett kor høgt eg ropar ?stopp?. Uansett kor mykje eg vil at tida skal stå stille, så gjer den ikkje det. For kvart ord som blir sagt, kvart andedrag eg trekkjer, kvar farge eg ser og kvart blunk eg blunkar, så nærmar vi oss alle slutten. Det er derfor eg sparar på dei. Eg sparar på alt, og gjev ikkje bort noko gratis. Dette er mi tid, mi verd, mine ord. Det einaste eg ikkje sparar på er fargane, men heller ikkje dei vil eg dele med nokon. Lilla. Brun. Gul.

"Du må lære", seier Karin. Grått. "Det er derfor du er her". Svart. 'Derfor eg er her', du liksom. Eg er her fordi eg ikkje har noko val. Og er det noko eg har lært her, så er det at livet er farlig. Uansett kva ein gjer, uansett kor ein går, og uansett kor mykje ein sparer, så tar det slutt. Livet er farleg ? ein dør av det. Eg bestemde ikkje sjølv å vere her, eg bestemde ikkje sjølv at den jenta kom for nære. Det var hennar feil at eg slo. Det var hennar val å gråte. Eg sa ikkje at ho skulle grine. Eg sa ikkje at ho skulle komme så nære at eg kunne slå. Det var ikkje min feil. Eg kunne ikkje stoppe. Ville ikkje stoppe. 

"Sjå på meg", seier Karin. Grønt. Eit lite sekund ser eg på henne. Eit blunk mindre. Eit blunk nærare slutten. Eg vonar ho veit kva det betyr. Eg har gitt henne noko. Noko av meg sjølv. Kan eg kanskje få gå no? Slippe å sitte her meir? "Det er fint, Henrik". Lilla. "Så ser du på Charlotte, og så seier du det". Svart. Kan dei ikkje forstå at eg ikkje vil? At det ikkje blir nokon skilnad? Eg bryr meg ikkje. Eg tvilar også på at ho bryr seg. Ho kjenner meg ikkje. Eg kjenner ikkje ho. Eg kan ikkje seie det. Eg vil ikkje seie det.

Kvitt. "Henrik, du må forstå at ikkje alt blir bra, berre du lukkar auga". Korleis kan ho si noko sånt? Sjølvsagt blir alt bra berre eg lukka auga. Eller, kanskje ikkje alt, og kanskje ikkje heilt bra, men det meste blir i alle fall betre! Det veit eg. Det er eg sikker på. Som når eg ser noko skummelt i ein film. Då kan eg lukke auga, sjå alle dei fine fargane, og når eg åpnar dei igjen, så er det ikkje skummelt meir. Eller då eg såg dei store gutane som sparka den lille. Alt berre skjer, og det var i alle fall ikkje min feil. Det var ikkje min feil, og derfor var det heller ikkje noko eg kunne gjere, og då eg åpna auga, så var det ingen der. Altså gjekk det over. Altså blei det bra.

Blått, raudt, kvitt. Alt susar framfor meg. Grønt! Meir blått. Det er så fint. Så vakkert. Så trygt. "Henrik! Ta deg saman!". Karin gjentar alltid seg sjølv. Eg høyrer henne godt, men eg latar som ingenting. Gult! Om eg pressar hardere, så kjem det fleire farger, men pressar eg for hardt blir det svart. Om eg ikkje pressar, så blir det mest raudt, men litt gult også. "Henrik! Kom igjen! Be om orsak!". Eg vil ikkje høyre. Eg kan ikkje be om orsak. Eg vil ikkje de om orsak. Og om eg berre lukkar auga - så kommer det til å gå over av seg sjølv.



Karakter: 5
Kommentar: Fin tekst som passar godt til oppgåva

5 kommentarer

Matias

10.01.2011 kl.17:22
For ein fin tekst.

Sofsen

12.01.2011 kl.14:40
Guuud, du er så flink til å skrive! Misunnelig! Jeg skjønner godt hva du mener. Men jeg tror også barneoppdragelsen igjen et er et produkt av tradisjoner og forventninger. Det er et mønster, for å si det sånn. Jeg forstår godt at du står midt i mellom her. Det er vel noe mange lærere (i forskjellige former) kjenner på; man kan være med på å oppdra litt, men så ser man hvordan det kan krasje med hva de allerede har blitt lært opp til.

Flott innspill, kjære!

12.01.2011 kl.23:34
Har litt dårlig samvittighet for at jeg ikke kommenterer like ofte som jeg er innom bloggen.

Men hvor mange ganger kan jeg si at jeg digger deg som skribent?

Liker jo alle tekstene dine jo! (Og er en smule sjalu på nynorsktalentet ditt!)

Hanne

12.01.2011 kl.23:39
Åja - den kommentaren ovenfor var fra meg..

Camilla

04.03.2011 kl.20:16
Bøying av verb på nynorks er forvirrende:S

Skriv en ny kommentar

hits