/FORSIDEN /SPØRSMÅL /OPPDATERINGER /BOKLISTE

Sliten

Publisert:
21.09.2009
23:55
Ho klarte såvidt å holde auga åpne, og høyrde stemma til mor frå stua. "Skal du ikkje legge deg snart? Eg slokker lyset no". Erle blei med ett kasta inn i tilvera igjen, og fikk fram "joda, eg skal berre skrive ferdig. God natt!" Det blei mørkt i rommet vedsidenav, og ho høyrde skritt frå ein lett ullsokk forsvinne ned den knirkande trappa. XXXX
Så lei av politikk og samfunn, kart og bergartar, steinalder, romertid og forhistoriske sivilisasjonar. XXX "Finn senga, Erle", seier to utmatta auge i kor. "Men eg må ta notatar. Må gjere ferdig skolearbeidet. Må vere førebudd til time. Må gjere klar notatane til eg skal pugge til prøve." svarar munnen, medan ho kniper auga hardt saman i eit tappert forsøk på å unngå å tøkre dei ut. 

Noko kaldt stryk henne over kinnet, og brått våknar Erle av ein klissen og våt duk, trykt mot fjeset hennar. Erle skyv seg opp frå bordet, og ser forvirra kring om seg. Faen. Ho hadde sovna over kladdebøkene, og velta kaffekoppen som så tappert skulle halde henne våken. "Greit, eg tar hintet, eg skal leggje meg" tenkar ho, og koster kaffesølet av historieboka med handa. 

Trappa knirkar som vanleg, og Erle greier ikkje bestemme seg for om ho skal gå fort ned med mykje bråk, eller liste seg ned med eit par store knirk over lengre tid. Uansett ka ho velger kommer foreldra på soverommet til å høyre at ho er våken, og Erle velgjer den raskaste løysinga. Inne på soverommet er alt stille. Umåteleg stille. Ein bil og eit par fulle ungdommar rasar forbi på fortauget, på den andre sida av gjerdet, i ny og ne, men inne på soverommet til Erle er det stille som i grava. Den forhåndsoppvarma dyna held godt kring kroppen hennar, og selv om Erle føler seg redd og aleine, veit ho at senga er vel den tryggaste staden ho kan vere. Bamsen ligg trykt hard inntil brystet, men sjølv om kropen til Erle verker av trøttheit, klarer ho ikkje sove. "Sov no da", kviskrar ho til seg sjølv, men veit at grunnen til at ho ikkje får sove, er at med ein gang ho sovner, vil det neste augeblikket vere morgen, og då må ho stå opp. 

"Stå opp din gris, nå har du sovet lenge! Er du her i verden?" kvitrer ein stemme, og Erle ser hovudet til pappa sveve i døråpninga. "Jada" svarar ho, medan ho gnir seg i auga, men rullar over på den andre sida med ein gong pappa forsvinn vekk i frå dørsprekka. Ho sett i gang den vanlige "berre fem minutt til" heilt til ho har så dårlig tid at ho sprett opp av senga og spring inn på badet for å kle på seg og sminke fjeset. Ved kjøkkenbordet sitt mamma med avisa. "Skal du ikkje ete frokost?" spør ho, som om det er den største selvfølge. "God morgon til deg også..." tenkjer Erle, men svarer med eit smil "joda, eg er på vei til å lage meg mat no". Etter å ha satt fatet med dei to påsmurte knekkebrøda på bordet, går Erle tilbake til kjøkkenbenken for å blande melkeskummet i espressokoppen. "Å stakkars deg som må ete det der" seier mamma sarkastisk, og kastar eit blikk bort på frokosten Erle har satt på motsatt side av bordet. Snakk om å bli møtt av negativiteten sjølv på morgonkvisten, tenkjer Erle, og orkar ikkje bry seg med å svare på den kyniske kommentaren. 

Eit kaldt gufs treff Erle i fjeset, og ho trekk skinnjakka tettare om seg. Tankane om ein lang og slitsom dag sprett fram idet ho rundar svingen og begir seg ned bakken, og føtene hennar skrik ut om at dei ikkje har særleg lyst til å gå heile vegen frå det blå huset til skolen i disse kalde tøyskoa. Eit par regndråpar treff henne på nasetippen, "flott" tenkjer Erle, og legg arma over ytterlomma på skoleveska medan ho sett opp farta, og høyrer gummisålane gnisse mot dei våte plankane på den grøne brua. Når ho kjem inn i Linger Retts gate fiskar ho opp mobilen, 8:06 lysar det frå displayet. Ho går framleis i eit raskt tempo, og prøver å tenkje på dårlege vitsar om elefantar og bollar, kaféturar og koslige kaffeavtalar, kva ho skal finne på i helga, og fine minner med gode venninner. Heile den lange, rette strekninga frå den ene enden av gata til den andre, ser ho paranoid på mobilen kvart minutt, og tenkjer så det knakar på regnbuer og alt anna fint som kan få henne i godt humør. Idet ho når trappa foran inngangen til skolen har ho saumfart hjernen for fine ting, nok til at ho kan settje på seg eit bredt smil, og møte alle klassekameratane med glede og omtanke.



IKKE FERDIG - og ikke lest korrektur, skrevet på nynorsk just for fun, men uten retteprogram, though. 

Én kommentar

Julie

22.09.2009 kl.20:44
Sv: Jeg ble ganske irritert der jeg satt, ja, men jeg klarte å "holde meg i skinnet" ;D

Skriv en ny kommentar

hits